Voss Roklubb vart stifta 07. Oktober 1987. Det var då om lag 26 medlemmar på skipingsmøtet. Formann og stiftar var Olav Mæland, som var formann i Voss Roklubb i elleve år, fram til 1998.
Aktive
Medlemmstalet på aktive har variert frå to til tjue i klubben sin historie. Voss Roklubb hadde ein topp i 1993 på femten jenteroarar som deltok i ungdomsmeisterskapet i Horten, då vart dei også beste klubb.
Voss Roklubb har alltid vore ein klubb med godt miljø, og gode treningsmoglegheiter på Vangsvatnet.
MateriellVoss Roklubb har per dags dato ti båtar. I 1989 vart det kjøpt inn hengar til båtfrakt.
Lokal / NaustI byrjinga hadde VRK båtane sine i kjellaren til idrettshallen på Voss. Her var det langt å bera båtane når ein skulle på vatnet å ro. Difor var det ein stor glede då me fekk flytta båtane bort i det kommunale bygget ved Vangsvatnet. Det kunne vera nokre kalde øyeblikk her, då det ikkje var isolert, dusj eller straum, men god plass til material hadde me.
Gleda vart endå større då Hordaland Rokrets sitt naust stod ferdig hausten 1999. Her har me no ein fin leigeavtale og dermed eit naust til båtane våre, garderobar og eit treningsrom.